Uniforum
16.12.2020
Koronatiltaka i Oslo vil halda fram til og med 7. januar. Oppfordringa til UiO-tilsette om å halda seg på heimekontor gjeld derfor framleis. - Den står fast, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.
I førre veke blei det klart at Oslo kommune ikkje ville lempa på dei strenge koronatiltaka i byen før etter 7. januar. Då vil kommunen koma med ein ny vurdering av om dei skal halda fram, vurdert utifrå korleis smittetala ser ut. Dermed oppfordrar byrådsleiar Raymond Johansen alle som kan til å jobba frå heimekontor for å redusera presset på kollektivtransporten og for å unngå faren for smittespreiing på arbeidsplassane i Oslo.
Les merAll alkoholservering er også forbode fram til 7. januar, samtidig som det er påbode å gå med munnbind