Foto: Ola Sæther
Hausten 2016 slo Nils Chr. Stenseth på stortromma og på førstesida i Uniforum fortalde han at han gjerne ville bli rektor ved Universitetet i Oslo. Men då fristen for å melda seg på i rektorløpet gjekk ut 10. januar kl. 16.00 var ikkje Nils Chr. Stenseths namn der.
- For elititistisk
- Eg sa den gongen at eg var for elitistisk til å bli vald, og det står eg framleis fast på. Og så er vel ikkje alle einige med meg når det gjeld forholdet mellom faste og mellombels stillingar, trur han. Ingenting tyder på at han har endra meining på dei områda sidan han sjølv kunngjorde at han ville bli rektor. - Personalpolitikk er viktig for at det skal bli eit godt fagmiljø. Den kan gjera miljøet godt, dynamisk, og vera med på å støtta opp om gode fagmiljø. Men når nokre gode miljø blir støtta ekstra, må andre miljø lida under det. I nokre tilfelle må dei leggja ned, slår han fast.