Finansfokus
19.09.2023
Thomas Ryste har som komikar med eiga verksemd, hatt stor nytte av erfaringa som tidlegare bankrådgjevar. Han tek også ut gode poeng på humorkontoen sin, når han forhandlar betre lånevilkår med banken.
ØRSTA: Sjølv om han var godt i gang med karrieren som bankrådgjevar i dåværande Sparebank 1 Ørsta og Volda, ulma det eit brennande ønskje om å underhalde endå fleire enn kollegaer og bankkundar. Karikaturen Kjell Kjellen" Bigset tok til slutt over heile karriereutviklinga, og Thomas Ryste (47) måtte seie adjø til den trygge bankjobben for å bli komikar på fulltid.
Det er nok ein mykje brukt klisjé, men Ryste har etter 14 år i eiga verksemd, dette lynkorte rådet til andre som vil prøve seg på eigne bein:
- Følg draumen!
Men han legg til: Sørg for å ha ein plan.
INSPIRERT AV BANKEN
Ryste trekk framleis vekslar på tida som bankmann når han sit og utviklar ny satire i kontoret på farsgarden i Hovdebygda. For ein satirikar i det lokale vestnorske bygdelandskapet, er det generelt rikeleg å ta av.
- Var banken til inspirasjon for komikarkarrieren?
- Ja, absolutt. Både blant kollegaer og kundar. Eg må være så ærleg å seie at det var alle sortar folk der også. Inspirasjon finn ein overalt, også i bank.
Ryste fortel at han måtte justere på dei satiriske rollefigurane sine, då enkelte i lokalsamfunnet kjende seg litt for godt igjen
Gå til medietDet er nok ein mykje brukt klisjé, men Ryste har etter 14 år i eiga verksemd, dette lynkorte rådet til andre som vil prøve seg på eigne bein: