Den 21. november i fjor gjekk ni norske forskingsinstitusjonar saman om ei felles satsing på kunstig intelligens. Resultatet av satsinga blei konsortiet NORA - The Norwegian Artificial Intelligence Research Consortium.
Målet er å styrkja norsk forsking og utdanning i kunstig intelligens, maskinlæring og robotikk. No er den medisinske forskaren Klas Pettersen tilsett som dagleg leiar, samtidig som organisasjonen har fått kontorplass på Universitetet i Oslo.
I går blei satsinga markert med eit stort oppstartsseminar i Forskningsparken på Universitetet i Oslo, der mellom andre digitaliseringsminister Nicolai Astrup var invitert.
- Vil få noko å seia for alle
I talen sin gjorde han dei som var til stades, merksame på at regjeringa ville ha klar ei melding om kunstig intelligens i ei stortingsmelding på slutten av året.
- Me vil gjerne ha innspel til denne meldinga frå de som er her i dag og jobbar med dette, var oppfordringa hans. Han kom også inn på kva fylgjer kunstig intelligens vil få for folk flest.
- Spådommen min er at dei komande