Sjølv om berre éi norsk finansbedrift kuttar utslepp i tråd med Paris-avtalen, er innsatsviljen blant norske finansbedrifter stor, meiner direktør Magnus Young i PwC.
Silje Pileberg
- Vi opplever at finansnæringa ønskjer å føre an i utviklinga med utsleppskutt. Engasjementet er stort, og mange spør oss om korleis dei skal gå fram, seier Magnus Young.
Han er direktør i firmaet PwC som gjev ein årleg klimaindeks for Noregs hundre største bedrifter. I siste klimaindeks er det berre éi norsk finansbedrift som får toppskår: Storebrand utmerka seg ved å ha
open rapportering om klimagassutslepp minst tre år bakover i tid
klimarapportering av god kvalitet med spesifiserte utsleppskjelder
eit klimarekneskap som inkluderer vesentlege kjelder til indirekte utslepp
utsleppskutt i takt med forventningar frå Paris-avtalen siste tre år
Young understrekar at enkelte selskap har betra rapporteringa, og at det då ikkje er lett å samanlikne oppdaterte tal med historiske tal.
- Det betyr at det kan vere fleire som kuttar utsleppa, enn vi fangar opp.
STORE BANKAR MIDT PÅ TREET
Selskap som DNB, SpareBank 1 SR-Bank og Sparebanken Vest hamna i midt-kategorien med god og årleg rapportering av klimagassutslepp, men likevel manglar: anten ved at dei ikkje har fullstendig rapportering av indirekte utslepp, eller ved at dei ikkje kan vise til utsleppkutt.
Samtidig tydar indeksen på at stadig fleire bedrifter har opne klimarekneskap.
- Men veldig mange selskap, både i finans og andre sektorar, treng betre data for å kunne vurdere kva grep d