Biblioteksjef Kirstine Folmann i Bjørnafjorden kommune sør for Bergen skjønnar godt at Viken-biblioteka ikkje vil senda inn data.
- Eg sende også ein førespurnad i fjor og fekk til svar at dette skulle rettast til i år, fortel ho.
Då Folmann tok over jobben som biblioteksjef i Bjørnafjorden kommune for eit års tid sidan, arva ho ein ferdiglaga rapport inne i statistikkmodulen til Quria som forgjengaren hennar hadde teke seg bryet med å generera. Difor har statistikkuthentinga gått høvesvis smertefritt, fortel ho.
- Men i ei perfekt verd hadde kanskje vår leverandør snakka med Nasjonalbiblioteket i forkant.
Vi spør avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand kvifor kvart bibliotek framleis må sitta og gjera denne jobben manuelt.
- Fordi biblioteksystema ikkje har levert. Vi har invitert og lagt til rette for at dei kan levera tala direkte inn til oss. I fagbiblioteksektoren gjer ein dette automatisk i dag. Og det finst tre folkebibliotek som får skjemaet ferdig utfylt til godkjenning frå oss, fordi det vesle biblioteksystemet T