- Får negative fylgjer for økologien
Jason Hickel kjem frå Eswani (Swaziland) på grensa til Sør-Afrika og har vore tilsett som forskar både ved amerikanske og britiske universitet før han kom til Barcelona.
Uniforum har møtt han og han forklarar gjerne kva han meiner med avvekst (Degrowth).
- For det første så handlar det ikkje om forbruk, men om produksjon. I industrilanda har me ein økonomi med eit høgt nivå av produksjon. Naturlegvis overforbrukar den ressursar og energi som får store negative fylgjer for økologien, konstaterer han.
Jason Hickel meiner mange av desse rike landa likevel ikkje klarer å gi innbyggjarane sine dei grunnleggjande behova.
- Døme på det er USA og Storbritannia, som er blant dei rikaste landa i verda, og som har eit høgt nivå på produksjon, og høgt nivå på øk