AddToAny

Arne Benjaminsen: - Lukta av sagmugg fekk meg tilbake til UiO

Arne Benjaminsen: - Lukta av sagmugg fekk meg tilbake til UiO
- Det var lukta av sagmugg - av at det er der det skjer - som fekk meg til å venda tilbake til Universitetet i Oslo. Det seier Arne Benjaminsen som på fredag begynner i jobben som ny universitetsdirektør.
24 år etter at siviløkonomen slutta i Økonomiavdelinga ved Universitetet i Oslo, vender Arne Benjaminsen (53) tilbake som universitetsdirektør.

- Det er ikkje ofte det blir lyst ut ei ledig stilling som universitetsdirektør, så då høvet var der, måtte eg senda inn ein søknad, fortel han i eit intervju med Uniforum i Professorboligen i sentrum.

- Det var lukta av sagmugg, seier han med eit smil.

- UiO er eit leiande europeisk universitet og set standard for universitets- og høgskulesektoren i Noreg, samtidig som det strekkjer seg seg endå lenger. Det er spennande å vera med på å utvikla det, synest han.

Den 4. desember i fjor blei det klart at jobben som universitetsdirektør var hans. Sidan han sist var tilsett ved UiO i 1997, har han vore avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, universitetsdirektør ved Universitetet i Tromsø, og ekspedisjonssjef, først i Fiskeri- og kystdepartementet, og seinare i Nærings- og fiskeridepartementet, der han etter kvart også blei assisterande departementsråd.

To favorittbyar i Noreg

Truleg er det likevel dei fire åra som universitetsdirektør i Tromsø som har sett mest spor hos Arne Benjaminsen, som opphavleg kjem frå Risøyhamn på Andøya.

- Eigentleg var det Bodø som var min by, men etter å ha budd i Tromsø, er den byen og Oslo blitt dei to favorittbyane mine i Noreg.

- Så du er ikkje lei deg for at du ikkje kunne vera lenger i Tromsø?

- Det er langt mellom dei dagane eg ikkje angrar på at eg flytta frå Tromsø. Men eg fekk ei melding om ein jobb i Fiskeri- og kystdepartementet, som eg gjerne ville takka ja til. Samtidig var det også familiære grunnar som gjorde at

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt