AddToAny

ARENA-direktør fryktar SV-dekanen styrer mot nedlegging

ARENA-direktør fryktar SV-dekanen styrer mot nedlegging
ARENA Senter for europaforsking får igjen kniven på strupen frå ein SV-dekan. - Anne Julie Semb avviser positive løysingar på dei problema ho sjølv bles opp.
Heile argumentasjonen hennar endar opp med at det bør gå mot ei avvikling, seier direktør Daniel Naurin.

Avvikling av ARENA Senter for europaforsking som eit frittståande senter ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet er ei av løysingane dekan Anne Julie Semb presenterer overfor fakultetsstyret når det skal diskutera saka i morgon. Målet er å få redusert underskotet til senteret.

I eit notat peikar dekanen på at senteret har eit meirforbruk på 8,5 millionar kroner og at dei eksterne inntektene til senteret ikkje er nok til å dekkja andre kostnader ved senteret. Ho trekkjer også fram at senteret har sett i verk så mange sparetiltak på drift som det er mogleg å gjennomføra. Semb viser til at dette likevel ikkje har vore nok til å få ned meirforbruket, som i stor grad, er eit resultat av økonomiske disposisjonar som blei gjorde før 2014.

Vil råka kjernefunksjonar

Etter dekan Anne Julie Sembs oppfatning kan ikkje det gjerast fleire tiltak for å få ned kostnadene utan at det vil råka kjernefunksjonar, og i neste omgang hindra ARENAs sjansar til å henta nye eksterne midlar, går det fram av notatet frå SV-dekanen.

Det vert også trekt fram at dersom ein eller fleire av føresetnadene i ARENAs budsjett og langtidsprognose fram til 2025 ryk, vil det oppstå ein risiko for endå høgare meirforbruk. Denne risikoen bæres ikke av ARENA alene, men også av fakultetet og fakultetets øvrige grunnenheter, understrekar dekanen i notatet.

Det blir dessutan vist til to moglege løysingar for vidare drift av ARENA som i dag. Det eine går ut på at nedbetalinga av meirforbruket skal gå over ein lengre periode. Det andre inneber at basisløyvinga til ARENA blir auka, med to millionar kroner, slik at senteret blir mindre sårbart for svingingar i dei eksterne innte

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt