Uniforum
15.11.2017
Riksrevisor Per Kristian Foss oppfordrar universitet og høgskular til å oppretta register over sidegjeremål for alle vitskaplege tilsette. - Det er viktig å vera open om slike ting, synest han.
TILRÅR REGISTER OVER SIDEGJEREMÅL: - Det ville vera veldig rart om nettopp den sektoren let vera å ha openheit rundt dette, meiner riksrevisor Per Kristian Foss. Han rår til at alle universitet og høgskular opprettar register for sidegjeremål.
Les merFoto: Ola Sæther
I går presenterte Riksrevisjonen sin rapport om den årlege revisjonen og kontrollen for budsjettåret 2016. Sjølv om det var Forsvaret og Forsvarsmateriell som fekk den hardaste kritikken, slapp ikkje universitet- og høgskulesektoren heilt unna kritikk.
Riksrevisjonen har tidlegare avdekt at vitskaplege tilsette i universitets- og høgskulesektoren har eit høgt tal med sidegjeremål. Det var grunnen til at Kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2011 bad Kunnskapsdepartementet om å vurdera å oppretta eit eige register med oversyn over verv og tilknytingar som vitskaplege tilsette i universitets- og høgskulesektoren har. Det skulle sikra openheit og tillit til vitskap