Uniforum
29.04.2021
Onsdag vaksinerte SiO Helse 74 studentar og tilsette på UiO og SiO i Kristian Ottosens hus på Blindern. - Det er flott at så mange stiller på så kort varsel, seier seksjonsoverlege Anders Sandvei.
Klokka 8.30 i dag sette SiO Helse i gang den aller første vaksineringa av studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo og Studentsamskipnaden i Oslo. Dei hadde fått oversendt Pfizer-vaksiner frå Oslo kommune, og det var nok til 74 personar.
Les mer- Føler meg privilegert
Ei av dei som fekk sin første dose med koronavaksinen til Pfizer, var barnehageassistent Marianne Solheim ved SiO Barnehagar.
- Det var litt spesielt, og eg føler meg privilegert som får vaksine. Og så er det litt spennande på grunn av moglege biverknader, seier ho til Uniforum.
- Og korleis føler du deg no?
- Eg føler meg heilt fin. Det kjennest også litt rart. Me kan heller ikkje berre k