Krigen fører ukrainske og russiske forskarar på flukt
Denne gongen blir spesielt Russlands invasjon av Ukraina trekt fram og det blir vist til kva konsekvensar det har fått for akademikarar, studentar og dei akademiske institusjonane i dei to landa. I den siste rapporten frå Scholars at Risk er denne konflikten den Scholars at Risk er mest uroleg for. Den direkte fylgjen av invasjonen blei at både akademikarar og studentar måtte flykta både internt i landet og til utlandet for å finna ei sikker hamn. Samtidig har flyåtak og bombing gjort svært stor skade på infrastrukturen for både forsking og høgare utdanning i Ukraina, går det fram av rapporten.
I Russland har både forskarar, andre universitetstilsette og studentar som var imot krigen opplevd forfylging og flykta frå forfylging, medan dei også i større og større grad opplevde akademisk isolasjon påført dei av krefter innanfor og utanfor landet.
Høgare utdanning er reversert i Afghanistan
Eit land som no er i ferd med å gå i gløymeboka både i pressa og blant folk flest, Afghanistan, blir i rapporten trekt fram som eit døme på eit land der den akademiske fridomen


































































































