Khrono
24.10.2019
29 mellombels tilsette ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet har krav på fast stilling, og 25 andre arbeidsforhold skal vurderast.
Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo har tidlegare sagt at han skal gjera heimeleksa si. Beskjeden frå eigar Kunnskapsdepartementet er nemleg klar: Det er for mange tilsette i mellombels stilling i sektoren. No er Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) i gang med den same heimeleksa: Dei har hatt ein gjennomgang og funne ut at 29 forskarar har krav på fast stilling.
Les merSkal sjå nærare på 25
Dette kjem fram i sakspapira til styremøtet ved NMBU, som skal vera neste veke, og det var Forskerforum som først skreiv om saka.
NMBU har 220,6 mellombelse stillingar. 60 prosent av dei som e