- Dette heng ikkje på greip. Det får ikkje an å publisera så mykje på så få år og samstundes følgja Vancouver-reglane om forskingsetikk.
Det seier Per Henrik Zahl til Forskerforum.
Vancouver-reglane er sektoren sine etiske retningslinjer, og seier mellom anna noko om krav til forfattarskap og om fagfellevurdering.
Kom frå utlandet
Forskerforum skriv om saka der ein NTNU-forskar har fått trekt attende 28 artiklar. Det handlar om plagiat eller duplisering, og det skal òg vera funne tilfelle av forfalsk fagfellevurdering. Dette viser data Forskerforum har henta frå Retraction Watch, som er ein idealistisk driven blogg som rapporterer om tilbaketrekking av vitskapelege artiklar.
Forskaren kom frå utlandet til NTNU som postdoktor i 2017. Då hadde han allereie publisert svært mange artiklar. Han leverte doktorgrad i 2014. Fleire av artiklane vart skrivne saman med ein annan forskar, so