Fagbladet
02.05.2023
Barnehageassistent Andrea (21) må jobbe døgnet rundt for å halde kontoen i pluss.
Ein liten straum av foreldre renn innom garderoben for å hente sekkar, matboksar og klede, før dei går ut til barna som leikar i den blaute vårsnøen. Andrea Lyngvær Kuvene smiler og helsar før ho skundar seg i motsett retning, til personalgarderoben lengst inne i det store bygget.
For barna er ein lang dag i barnehagen snart slutt, men arbeidsdagen til barnehageassistenten er langt frå over. Etter ni til fire-jobben sluttar begynner eit nytt sjutimers skift på Saga Kino.
Det blir stadig vanskelegare å leve av ei heiltidslønn. Er vi på veg mot eit samfunn der den einaste måten å overleve på er å arbeide til alle døgnets tider?
SÅRBART
Konsulentfirmaet Deloitte publiserer årleg ei global kartlegging av vilkåra for unge. Ein tredel av den såkalla millenniumsgenerasjonen (født frå 1983 til 1994) og 43 prosent av generasjon Z (født frå 1995 til 2003), den yngste gruppa på arbeidsmarknaden, svarte i fjor at dei har ekstrainntekt i tillegg til primærarbeidet.
Den største drivkrafta er ei aukande kjensle av økonomisk sårbarheit.
Ekstrajobb er framleis ikkje vanleg i Noreg. - Det er vanskeleg å vite kor mange i barnehagesektoren som sper på inntekta med deltidsarbeid, seier Berit Tevik, leiar i Fagforbundet Barn og Oppvekst Oslo. - Vi veit at nokre gjer det, særleg blant dei utan formell
Gå til medietFor barna er ein lang dag i barnehagen snart slutt, men arbeidsdagen til barnehageassistenten er langt frå over. Etter ni til fire-jobben sluttar begynner eit nytt sjutimers skift på Saga Kino.