Uniforum
20.12.2020
Fleire fagmiljø på UiO fekk i helga pengar frå NORAD til samarbeid om kapasitetsbygging, forsking og utdanning med universitet i låginntektsland. Professor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø leier eit av prosjekta som får støtte.
UiO skal leia åtte av dei ni prosjekta som NORAD no har gitt pengar til gjennom programmet NORHED II. Det startar opp i 2021 og skal vara ut 2026. Dette er Norads program for kapasitetsbygging, forskning og utdanning i samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og i låg- og mellominntektsland. Til saman delte NORAD ut 1,1 milliardar kroner for den neste perioden, medan det var søkt om støtte for 3,3 milliardar kroner, går det fram av NORADs nettsider. Det var NTNU og UiB som fekk flest tildelingar av denne potten denne gongen, medan UiO kom på tredjeplass. På UiOs nettsider om programmet går det fram at det blei sendt inn støtte for 19 prosjekt. Til saman delte NORAD ut pengar til 60 prosjekt etter at dei hadde fått inn over 199 søknader om støtte.
Les mer- For å styrkja kapasiteten til dei høgare utdanningsinstitusjonane er det viktig å styrkja deira rolle som samfunnsaktørar for utvikling, seier NORAD-direk