Noverande statsråd med same ansvarsområde, Henrik Asheim, seier til Khronoat dersom institusjonane ønskjer ei slik nemnd, er det noko dei sjølve må ta initiativ til.
Det har NTNU gjort. Universitetet har si eiga eksterne varslingsnemnd, og har hatt det sidan november 2019. Så langt har utvalet handtert åtte saker, seier leiar Karianne Moen. Ho er politioverbetjent og doktorgradsstipendiat ved Politihøgskolen si avdeling i Bodø.
- Her er NTNU verkeleg i førarsetet, og tek desse sakene verkeleg på alvor, seier Moen.
Totalt åtte saker
Khrono har skrive at det truleg finst mørketal når ein ser på talet på saker om seksuell trakassering som vert meldt inn i akademia. Sjølve varslingsrutinane vert sett på som ei av årsakene til at det er slik.
Moen seier at varslingssakene frå NTNU får ein betre start. Når ein student eller tilsett trykkjer på den digitale varslingsknappen, går saka via sentralt varslingsmottak hos PWC og deretter til utvalet. Når saka skal attende til universitetet, er det HR-avdelinga som skal handtera henne, før ho vert send til det aktuelle fakuteltet eller eininga. Men handsaming der sk