Det hjelp ikkje kva vi som forskarar seier dersom ingen høyrer etter. Sandra M. Díaz Biolog
Professor Sandra Díaz er kort og godt ein av dei viktigaste biologane på kloden. For henne er dette den største utfordringa:
- Livsveven raknar. Vi må handle, og vi har dårleg tid.
Må kople seg på samfunnet
Ho brukar ofte dette omgrepet, the fabric of life, livsveven, for å understreke korleis alt liv og alle artar heng i hop og ikkje kan eksistere uavhengig av kvarandre, oss menneske inkludert. Samstundes er menneska dei som i størst grad påverkar og endrar vilkåra for alt liv på jorda.
No skjer det i eit dramatisk og farleg høgt tempo.
- Kvar dag mister vi naturmangfald i ein rasande fart. Det er ei stor utfordring, for på mange område veit vi enno ikkje kva vi skal gjere for å stanse det. På andre felt har vi kunnskapen, men manglar evna til å skape handling. Mektige særinteresser står i vegen. Vi som forskarar er viktige, men om ikkje samfunnet respondererer, er vi like langt.
Derfor, meiner Díaz, er det ikkje nok at forskarane produserer vitskap. Dei må også kople seg på samfunnet rundt seg og bli pådrivarar for å skape engasjement og handling. Før det er for seint.
- Det hjelp ikkje kva vi som forskarar seier dersom ingen høyrer etter. Oppdraget vårt strekker seg lenger enn til det vitskapelege arbeidet. Dette er ikkje tida for forskarar å vere nøytrale, seier Díaz.