Bok og bibliotek
08.06.2017
Ein stor, stygg, men kostesam ring blir røva frå grava til General Löwensköld og er opptakta til den mektige Löwensköld-trilogien.
Selma Lagerlöf er ein historieforteljar av de heilt sjeldne. Og eg legg vekt på forteljar - for ho fortel. Ho skriv ikkje som ein samtidsforfattar no for tida, heller ikkje som mange samtidige forfattarar. Her er det ein gammeldags allvetande forteljar, der forfattaren er gud. Forfattaren bryt konsekvent med tipset som eg og mange andre har fått på diverse skrivekurs: «Show, don't tell». Selma Lagerlöf går for «tell», og det med stor sjølvtillit.
Men for eit stoff ho har å fortelja frå. Det er umuleg for denne lesaren å vita kva som er gamle historier ho har høyrt og kva ho har funne på. Trilogien er overtydande omsett av Per Qvale og nyleg utkomen i pocketutgåve.
Löwenskölds ring, fyrste boka, er skrive i den gotiske tradisjonen. Ei spøkelsesforteljing altså. Eg las den ein dag eg var bekymra og uroleg. Kan hende var dette eit perfekt lesemodus for uroa vart berre forsterka og sidene forsvann fortare enn dei brukar gjere.
General Löwensköld gjev eit usympatisk inntrykk i live. Verre blir det då han døyr. Familien har så stor respekt f
Gå til medietMen for eit stoff ho har å fortelja frå. Det er umuleg for denne lesaren å vita kva som er gamle historier ho har høyrt og kva ho har funne på. Trilogien er overtydande omsett av Per Qvale og nyleg utkomen i pocketutgåve.