Bok og bibliotek
16.03.2017
Trenger vi et fysisk bibliotek i en digital tidsalder? Nokre spørsmål gjer at øyrene ramlar nesten av. I neste augneblinken kan ein tenke «Jaggu, dette blir det tilsvar av! » Så takk for spørsmålet, redaktør Stavrum i Nettavisen.
Stavrum såg ikkje poenget med eit nytt Deichman i Bjørvika. Han såg ikkje poenget med nye trikkar i hovudstaden heller, forresten. Personleg synes trikken i Oslo er sjarmerande og nostalgisk, meir har eg ikkje å seie om den saka. Men bibliotek, det har eg ein god del meir å seie om.
Berekraftig utvikling
I desember vart Norsk Bibliotekforening bede av IFLA om sende ein delegasjon til sitt hovudkvarter i Haag. Dei skulle


































































































