BUSKAP
30.01.2017
Steinar Schanke er mannen bak suksessen Li Angus. Han driv mjølkeproduksjon i ein moderne båsfjøs samstundes som han har ein av Noregs beste Aberdeen Angus besetning.
To av fire norske eliteoksar i 2017; Li`s Greate Tigre (okse 74039) og First-Boyd fra Li (okse 74033) kjem frå Li Angus. I tillegg vert seminoksane Ivar (okse 74047) og Irving fra Li (okse 74048) vurdert som eliteoksar i 2018. Steinar fekk den høgthengande prisen Norturas Biff Natur for beste kjøtfeokse i 2016. Dette er ein pris som Nortura deler ut til den eliteoksen av kjøtfe som er best tilpassa eit ekstensivt driftsopplegg for krysningar. Viktige kriterier er grovfôropptak frå oksen sine testresultat på Staur, kjøtfylde/slakteklasse på avkom, lite feittansamling på avkom og slaktetilvekst på avkom.
For ganske nøyaktig 20 år sidan bestemte Steinar Schanke, som er oppvaksen i Lørenskog, seg for å skifta ut bylivet som elektrikar i Oslo med å bli heiltidsbonde i Luster i Sogn og Fjordane. Han tok over familiegarden etter onkelen sin og gjekk i gong med mjølkeproduksjon samstundes som han kjøpte inn to Aberdeen Angus-kyr.
Kombinasjonsbruk - variasjon i driftsformer
- Eg likar tanken på å ikkje «satsa alt på ein hest», og tanken om å kombinera fleire driftsformer tiltalte meg for å utnytta beite- og grasressursar best mogeleg. For meg har mjølkeproduksjon og ammekyr fungert strålande, seier Steinar Schanke. - I år har eg 15 anguskalvingar og 17 mjølkekyr, og driftsopplegget er basert på kalvingar frå januar til april, fortel den engasjerte bonden. Dyra er oppstalla i binge, og han deler av kalvingsbingar etter behov. Etter om lag ei veke åleine med mor vert dyra sleppt inn i fellesarealet, og her er det lagt til rette med romsleg kalvegjømme med tilgang på fôr og vatn for kalvane. Så fort værtilhøva tillet det, vert dyra sleppt ut. Uteområdet er godt tilrettelagt for å forlenga be
Gå til medietFor ganske nøyaktig 20 år sidan bestemte Steinar Schanke, som er oppvaksen i Lørenskog, seg for å skifta ut bylivet som elektrikar i Oslo med å bli heiltidsbonde i Luster i Sogn og Fjordane. Han tok over familiegarden etter onkelen sin og gjekk i gong med mjølkeproduksjon samstundes som han kjøpte inn to Aberdeen Angus-kyr.