Bok og bibliotek
01.12.2016
Eg spolar tilbake til våren 1996. Kvar torsdag sendte NRK tv-serien «Stolthet og fordom». Det var likesom meininga med livet for meg den våren, den serien. Med den smarte og skarptunga heltinna Elizabeth Bennet og den mystiske Mr. Darcy.
Å, kor eg kosa meg. «Fornuft og følelser» med Emma Thompson og Kate Winslet i hovudrollene hadde vore vist på kino tidlegare same året. Dette var mine fyrste møte med Jane Austen. Seinare fann eg fram til bøkene. I periodar der livet har opplevst utrygt har eg meir enn ein gong haldt meg fast i ei Austen-bok. Det har gitt meg ei form for trygghet og trøyst.
Kva er det så med desse bøkene? På mange måtar er dei bygd opp etter om lag same leist. Ung kvinne av typen som blir invitert til ball, men ofte med økonomiske utfordringar som trugar familien og gjer dei mindre attraktive på marknaden, søker ein bra mann å gifta seg med. Det blir meiningslaust å setja det opp som dette. For om det er ei ytre ramme, er Jane Austens bøker så veldig mykje meir. Dei er fulle av vidd og ekstremt gode karakterskildringar. Dei er skarpe og somme tider så morosame at dei borgar for ukontrollerte latteranfall.
Det er ein letthet ved Jane Austen. Og ein eleganse. Ho får sagt så utrulig mykje med ganske få ord. Tidlegare i haust skreiv eg om Middlemarch av George Eliot. Der Austen er knapp og konsis, så bruker Eliot språket i alle nyansar. Virginia Woolf forklarer godt kva som skil dei to forfattaran
Gå til medietKva er det så med desse bøkene? På mange måtar er dei bygd opp etter om lag same leist. Ung kvinne av typen som blir invitert til ball, men ofte med økonomiske utfordringar som trugar familien og gjer dei mindre attraktive på marknaden, søker ein bra mann å gifta seg med. Det blir meiningslaust å setja det opp som dette. For om det er ei ytre ramme, er Jane Austens bøker så veldig mykje meir. Dei er fulle av vidd og ekstremt gode karakterskildringar. Dei er skarpe og somme tider så morosame at dei borgar for ukontrollerte latteranfall.
Det er ein letthet ved Jane Austen. Og ein eleganse. Ho får sagt så utrulig mykje med ganske få ord. Tidlegare i haust skreiv eg om Middlemarch av George Eliot. Der Austen er knapp og konsis, så bruker Eliot språket i alle nyansar. Virginia Woolf forklarer godt kva som skil dei to forfattaran