I fjor bestemte Margunn Indrebø Alshaikh seg for å slutte i FN-toppjobben i Botswana. Etter å ha jobba for FN sitt program for utvikling (UNDP), først i Sudan og Libanon og så i Botswana, freista fjella, heimgarden og ei spennande stilling som programdirektør i Norec i Førde. I stillinga har ho det øvste ansvaret for dei UD-finansierte programma til Norec, der norske og utanlandske organisasjonar og verksemder kan få støtte til utvekslingssamarbeid og nordmenn rekrutterast til FN-stillingar.
- Korleis starter du dagen?
Den startar med at snooze-funksjonen får gjere sitt mellom klokka 06.30 og 06.50. Så passar eg på at tre ungar, tre hundar og to kattar får tilgang på frukost, før dei må segle sin eigen sjø og eg set meg i bilen til jobb. Der pustar eg letta ut, finn ein kaffikopp og tenker at «no kan dagen starte».
- Kva er det beste med jobben din?
Folka, heilt klart. Både flinke kollegaer som brenn for samfunnsoppdraget, men òg alle mottakarane av tilskot, som gjennom litt støtte frå Norec, får til utrulig mykje spennande.
Det er òg eit privilegium å kunne vere tett på mottakarar. I april fekk eg møte ein gjeng unge zimbabwiske landbruksentreprenørar som var på utveksling i Kenya. Dei snakka varmt om vertane sine, og alt dei hadde lært om ressursbruk og økologiske vekstmetodar. Dei gleda seg til å ta desse med seg tilbake for å vidareutvikle verksemdene sine i heimlandet.
Sjølvsagt er det ikkje berre rosenrødt å skulle reise til eit anna land og samarbeide på tvers av språk og kulturar, så latteren sat laust då den eine etter den andre historia kom om misforståingar og startvanskar. Men det er akkurat dette som er så kjekt å sjå: Kor mykje ein kan lære av kvarandre. Der ligg meirverdien for verksemdene som til sjuande og sist kan utvikle nye tenester og produkt for ei meir berekraftig framtid - og der ligg drivkrafta mi.
- Og kva likar du minst?
Å fylle ut reiserekningar og passe på at alle dokument ligg rett i arkivet. Det er gjerne dei stundene eg treng mest påfyll av sukker og kaffi for å halde produktiviteten på topp.
- Kor ofte tenkjer du på at det er skattebetalarane sine pengar du forvaltar?
Ofte. Det etiske spørsmålet eg stiller meg, er korleis vi best handterer spagaten vi står i med tanke på ansvarleggjering. Givarar i bistandsverda stiller visse krav og føringar ne


































































































