Fjell og Vidde
19.04.2023
Ein marsdag i 2005 ular brannsirena over den vinterkledde byen Nome i Alaska. Folk strøymer ut av hus og heim. Men her er ingen brann.
Eit hundespann nærmar seg mål på verdas lengste og mest prestisjefulle hundeløp, Iditarod. På sleden står Trine Lyrek. I målområdet ventar dottera, fem år gamle Hanna.
- Det er kanskje det einaste eg faktisk hugsar frå barndomen i Alaska, då mamma fullførte Iditarod. Eg hugsar den sirena kjempegodt, dei spelar den slik at alle får tid til å kome seg ut og ta imot spannet som kjem i mål, fortel Hanna.
Iditarod er noko av det største som skjer i Alaska kvart år. Løpet kan samanliknast med eit ski-VM i Holmenkollen når det kjem til interesse og merksemd.
- Vi har eit fotoalbum der det er bilde av oss i målgangen, kor det er skrive at «kanskje Hanna skal køyre Iditarod når ho blir stor».
16. mars 2022 ljomar brannsirena på ny over Nome. I mål står ei tydeleg rørt og glad mor og tar imot dottera.
- Du klarte det. Du klarte alt!
Sola lurer bak furutrea som omkransar hundegarden i Gargiaveien i Alta. I horisonten kviler mjuke fjell. Hanna Lyrek vekslar mellom flytande amerikansk og F
Gå til mediet- Det er kanskje det einaste eg faktisk hugsar frå barndomen i Alaska, då mamma fullførte Iditarod. Eg hugsar den sirena kjempegodt, dei spelar den slik at alle får tid til å kome seg ut og ta imot spannet som kjem i mål, fortel Hanna.