AddToAny

Nokon bør snakke saman

Nokon bør snakke saman
Kva slags skrivekompetanse skal me gje elevane?
Takk til Bjarte Samuelsen for debatten han reiser i «Et rop om hjelp fra en frustrert norsklærer», i Utdanning nr. 14. Eg er einig med Samuelsen i at nokon bør snakke saman, og dei bør gjere det no. Samuelsen målber frustrasjonen for alle oss norsklærarar i vidaregåande og vaksenopplæring som verkeleg prøver alt for å fremje skriveglede og få fram gode skrivarar, men som altfor mange gonger har opplevd at verken me eller elevane får løn for strevet. Når dei høgare utdanningsinstitusjonane heller ikkje opplever at dei nye studentane er førebudde på studia, jf. NIFU-rapporten, må ein tenkje nytt og annleis. Difor ønskjer eg Samuelsen sitt tiårsmål velkome.

Det som vert peika på i NIFU-rapporten «Studieforberedt etter studieforberedende? » 1, er rett nok vanskar som strekkjer seg langt utover norskfaget. I rapporten vert det teikna eit bilete av at studentane generelt sett er mindre sjølvstendige og klare for det som er venta av dei som studentar. Det kan ha å gjere med at det er fleire og fleire som tek høgare utdanning, og at studentgruppa dermed har vorte mykje meir ueinsarta, men det speglar kanskje òg ei samfunnsutvikling der born og unge vert følgde meir opp av både av foreldre/føresette og lærarar, og er vane med å ha eit støtteapparat rundt seg. Rapporten viser at det er naudsynt å snakke om kva det vil seie å vere førebudd på studia, og kva innhald og mål det skal vere for studieførebuande.

Mange elevar synest norskfaget er keisamt. Dei liker verken å skrive eller lese. Dei meiner dei kan norsk sidan det er morsmålet, og dei ser ikkje nytteverdien av å tolke dikt eller skrive analysar. Det at norskfaget for dei fleste utgjer fire karakterar på vitnemålet, er heller ikkje motivasjon nok; dei vil heller ha ein seksar i matematikk, same kva innsats som må til, enn å streve for ein firar i norsk.

I NIFU-rapporten etterlyser dei høgare utdanningsinstitusjonane studentar som er flinkare til å skrive fagrapportar og gjere kritiske vurderingar. Gjennom at retorikken har fått sin plass igjen i norskfaget, har kritisk analyse blitt styrka. Fokus på kjelder og kjeldekritikk har òg ein stor plass i alle fag, men fokus på skriving av fagtekstar kan nok bli større, og her kan ikkje norskfaget klare å møte alle utfordringane åleine. Skriving i alle fag har vore og er eit satsingsområde frå Utdanningsdirektoratet, men kva veit ein om gjennomføringa i det enkelte fag og klasserom? Kvart fag har sin tradisjon og eigenart, og eit sett med kompetansemål som ein skal igjennom, og det vil nok variere mykje kva plass lesing og skriving får i faget.

I det teoretiske bakgrunnsdokumentet for skriving på ungdomstrinnet viser forskarane ved Skrivesenteret til KAL-prosjektet (Kvalitetssikring av læringsutbytte i norsk skriftlig), som undersøkte eksamenstekstar i grunnskulen i åra 1998 til 2001. KAL-prosjektet viste at elevane meistra godt sjølvsentrerte og forteljande tekstar. Berre rundt 15 prosent valde oppgåver med sakprega skriving, og fleirtalet av dei som gjorde det, valde dei meir personleg farga sjangrane, som lesarinnlegg og kåseri. Så å seie ingen meistra argumenterande skriving svært godt, sjølv om dei fekk god karakter. 2 Olga Dysthe og Frøydis Hertzberg konkluderer med at grunnskolen har lukkast med å gjere skriving til «et selvrealiserings- og lystprosjekt», der til og med dei svakaste tekstane ber preg av skriveglede og kreativitet. 3 Ein grunn ti
Gå til mediet

Flere saker fra Utdanning

Våren er endelig kommet, og tusenvis av unge har søkt på videregående og høyere utdanning. Det har fått meg til å reflektere over karakterenes enorme innflytelse i skolesystemet.
Utdanning 29.05.2026
AFGHANISTAN: Etter at den islamistiske Taliban-bevegelsen på nytt tok makten i landet i 2021, har jenter i praksis måttet slutte skolen etter 6. klasse.
Utdanning 29.05.2026
Rødt presset kunnskapsministeren på hva hun vil gjøre for å bedre ytringsklimaet for lærere.
Utdanning 29.05.2026
Problemet er ikke at barn ikke kan matematikk, men at vi voksne ikke alltid ser den.
Utdanning 29.05.2026
Mange lærere føler de ikke kan uttale seg fritt. Resultatet blir et smalere ytringsrom, et stillere profesjonsfellesskap og færre lærerstemmer i den offentlige debatten.
Utdanning 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt