- Umiddelbart syns eg den er veldig, veldig bra, seier han kort tid etter framleggelsen.
- Dei forpliktar seg på fleire punkt. Spesielt det som står om inntekt er veldig gledeleg. Det er ein stor seier for alle som har jobba for norsk landbruk dei siste åra, seier Felde.
- Bør skape framtidstru
Han kallar regjeringsplattforma ei klar retningsendring i norsk landbrukspolitikk.
- Dét må også til, for at dei skal klare å løfte inntektene. Dei er klare på at dei skal styrke marknadsordningane og utnytte handlingsrommet i tollvernet. Det vil kunne gjere at dei kan løfte inntektene utan at ein hamnar i overproduksjon, seier Felde.
Han er også spesielt glad for ein ting til:
- I erklæringa forpliktar regjeringa seg til ein investeringspakke for overgang frå bås til lausdriftsfjøs allereie frå statsbudsjettet for 2022. Dette er enormt gledeleg for norske mjølkebønder, seier Felde.
- I sum meiner eg dette er ei regjeringserklæring som bør skape framtidstru for alle bønder i norsk landbruk. For dei som har sete på gjerdet og lurt på om dei skal vere med vidare: Dette er eit klart signal om at vi treng dei bøndene vi har. Regjeringa forpliktar seg også til å heve sjølforsyinga til 50 prosent, korrigert for import. Berre dét er ei målsetjing som gjer at det er behov for alle areala i norsk landbruk, seier han.
- Eg skal gå ut og heise flagget! Dette er så ufatteleg bra, og så forpliktande. Vi har jobba med investeringspakke i ti år. Det har vore lova og lova. No kjem det! Det er heilt fantastisk, seier Anders Felde.