Fri tanke
16.08.2021
Overlege Morten Horn (52) misunner dei som kan leve lange strekk av livet sitt utan å tenkje på døden.
Døden er ein kjip del av legegjerninga. Eg ser på han som eit nødvendig vonde. Men samtidig er det eit felt der vi legar kan gjere ein veldig stor skilnad for menneske.
Overlege Morten Horn har jobba som nevrolog i om lag 25 år. I jobben har han møtt mange pasientar med den dødelege nervesjukdomen ALS, og også mange med meir sjeldne nevrologiske sjukdomar.
Han har fleire gonger teke del i folk sine siste livsreiser.
- Ein kjem til eit punkt der det ikkje er ønskeleg, eller mogleg, å forlenge livet lenger. Då kjem døden. Ein god død handlar for meg om at ein må prøve å ha det så godt som mogleg i ein slik situasjon; der ein opplever omsorg og føler seg trygg.
TAKKSEMD
Han og ALS-teamet han jobbar i har mange gonger opplevd takksemd, både frå pårørande og døyande, over støtta dei fekk når døden nærma seg.
- Døden er ein lei, vond og naturleg del av livet, men vi må stå saman og støtte kvarandre. Vi kan ikkje flykte frå kvarandre og pasienten, men vi må vise at det går an å stå i det, utan å prøve å gjere det vakrare enn det er.
Éin del handlar om å gje dødsbodskapen på rett tidspunkt, meiner han: ikkje for tidleg og ikkje for seint, for mange har ting dei ønskjer å få gjort. Ein annan del handlar om å gje god, lindrande behandling og å lage ein plan for kvar ein skal døy og kven som skal vere der.
Men dessverre er ressursane få, ifølgje Horn.
- Hospice og palliative avdelingar tar ikkje inn pasientar med nevrologiske sjukdomar. Dødsomsorg i Noreg er i veldig stor grad retta inn mot kreftpasientar. Heller ikkje dei distriktspsykiatriske sentra kan hjelpe. Standardsvaret vi får derifrå er at pasientane sine psykiske
Gå til medietOverlege Morten Horn har jobba som nevrolog i om lag 25 år. I jobben har han møtt mange pasientar med den dødelege nervesjukdomen ALS, og også mange med meir sjeldne nevrologiske sjukdomar.