Ein treng motkultur i alle samanhengar og i alle land, men meir i Noreg enn mange andre stadar. Årsaka er at konsensus er ein overlevingsstrategi utvikla i eit klima og ein natur som krev samarbeid, som i dag pregar både politikk, næringsliv og kulturliv i Noreg.
Olav Lægreid: Trenger vi motkultur i jusen?
Denne viktige konsensusdraginga må likevel utfordrast om den ikkje skal føra til stagnasjon. Motkultur er ei form for utfordring som fører til innovasjon og utviklinga.
Dette ser ein tydeleg av det norske rettsspråket. Rettsspråket ein i 1814 arva frå dansketida, var vanskeleg tilgjengeleg. Det utvikla seg og nærma seg med små steg daglegtalen i løpet av 1800-talet, men gjorde kvantesprang på andre halvdel av 1900-talet då det vart utfordra av nynorsk.
- Ikkje perfekt rettsspråk
Nynorsk er ikkje noko perfekt rettsspråk. Og Lægreid har heilt rett