Under eit skogmøte i Stavanger i mai refererte professor Dag Jørund Lønning filosofen Nietzsche med følgjande utsagn: «Alle tror at treet er opptatt av frukten, men det treet som er opptatt av frøet». Eller sagt med andre ord: «du må så eit frø før du kan hauste eit tre».
Lønning som til dagleg arbeider ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren sa at å plante eit grantre måtte vere noko med det beste eksempelet på å skape verdiar. Og la til at det var nettopp det «skapande mennesket» eller eldsjelene i bygdene som ved ei ukueleg interesse hadde gått i førevegen og mellom anna skapt det samfunnet vi i dag har i landet. Å byggje gardsbruk (jord og skog) og produsere mat, varme og kle er det beste eksempelet på ei verdiskaping som har vore og vil bli grunnlaget for ei god utvikling i samfunnet, sa Lønning. Og han la til: «Vi må framelske og løfte fram kvaliteten i frøet, ikkje berre i det ferdige produktet. For vi er blitt all for opptekne av det ferdige produktet». Og eg med fleire vart tankefulle, - ja vi tenkte på skogplantarane og skogreisingsleiarane.
Å BYGGJE LANDET Lønning kommenterte også opptrappinga i jord- og skogbruket etter krigen. Mange meiner at etterkrigstida er den mest produktive perioden i Norge. I tillegg vart det etter krigen utvikla ei sterk tru på felles arbeid og å «bygge landet». Ikkje minst innan skogbruket vart det satsa. Heile Stort


































































































