Første steg
28.05.2019
Femåringar som har fått leike med skriving i barnehagen lærer lettare å lese på skulen. Men kva er forklaringa på at enkelte barn begynner å skrive før andre?
I
mange år har høgtlesing vore barnehagen sin viktigaste inngang til språket. Færre har lagt opp til utforsking av skriftspråket gjennom skriveaktivitetar for dei eldste ungane. Men i rammeplanen frå 2017 er Utdanningsdirektoratet tydelegare enn før. Barnehagen skal no bidra til at barn «utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar» (KD, 2017, s. 48).
ET PEDAGOGISK VERKTØY
Så langt har berre ein norsk barnehagestudie undersøkt effekten av oppdagande skriving (Hofslundsengen, Hagtvet & Gustafsson, 2016). Oppdagande skriving er den første spontane og utforskande skrivinga før formell skrive- og leseopplæring (Read, 1971). I studien deltok 105 femåringar frå tolv ulike barnehagar i eit ti vekers opplegg med oppdagande skriving. Resultata frå barnehage og skule viste at dei barna som hadde delteke i aktivitetane med oppdagande skriving hadde betre fonem medvit (å kunne identifisere og manipulere lydar i ord), dei var godt i gang med skriveutvikling og enkelte hadde begynt å lese. Til jul i fyrsteklasse hadde dei framleis betre resultat på lesing og skriving enn kontrollgruppa. Oppdagande skriving ser med andre ord ut til å vere eit nyttig pedagogisk verktøy i barnehagen.
KVA ER OPPDAGANDE SKRIVING?
Medan dei deltok i studien samla barnehagane femåringane til fire økter i veka. Kvar økt var på 20 minutt. Loggane personalet førte frå skriveøktene gir eit innblikk i ungane sine fyrs
Gå til medietmange år har høgtlesing vore barnehagen sin viktigaste inngang til språket. Færre har lagt opp til utforsking av skriftspråket gjennom skriveaktivitetar for dei eldste ungane. Men i rammeplanen frå 2017 er Utdanningsdirektoratet tydelegare enn før. Barnehagen skal no bidra til at barn «utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar» (KD, 2017, s. 48).