Forskerforum
06.06.2016
Feilslått restaurering har tært på Nidarosdomen. Tett samarbeid mellom vitskap og handverk må til for å finne varige løysingar.
K ongeinngangen ligg i to tusen delar. Stein etter stein er varsamt plukka ned frå den rikt dekorerte inngangsportalen på sørsida av Nidarosdomen. Denne inngangen ligg vend mot Erkebispegården, som etter reformasjonen vart kalla Kongsgården. Truleg var det denne inngangen erkebiskopen, og kanskje også Kongen, nytta då dei tredde inn i den mektige kyrkja.
- Dette er første gongen sidan gjenreisinga vart fullført, at vi demonterer og byggjer opp att ein så stor del av Nidarosdomen. Innanfor kulturvernet er det litt kontroversielt å gjere noko slikt, seier Kristin Bjørlykke. Ho er fagleiar for forsking og utgreiing i restaureringsavdelinga ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR), som er eit nasjonalt kompetansesenter for bevaring og restaurering av verneverdige bygningar i stein.
No står Bjørlykke på eit høgt stillas og studerer den dekorerte bogeforma på bakveggen av portalen. Rommet framanfor, den såkalla forhallen, er fjerna.
- I fleire år har vi jobba med å kartleggje historikken til Kongeinngangen, som hadde store skadar på murverk og stein. Vi har hatt ein lang diskusjon om kva vi burde gjere. Skulle vi berre bytte ut dei øydelagde steinane, eller gå meir drastisk til verks og demontere heile forhallen? Vi valde det siste, seier Bjørlykke.
Låg i ruinar Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider vart oppretta i ı869, som ei bygghytte med mange ulike verkstader. Målet var å byggje opp att Nidarosdomen.
- På den tida låg kyrkjeskipet i ruinar, og berre delar av kyrkja var i bruk, seier Bjørlykke.
Særleg brannen i ı53ı, like før reformasjonen, førte til store øydeleggingar av kyrkja. Men etter at erkepiskopen måtte rømme landet og Noreg hamna under Danmark, var ikkje Nidaros lenger eit maktsentrum i Noreg.
- I tida etter reformasjonen vart ikkje reparasjonar og oppbygging av Nidarosdomen prioritert. Men då Noreg fekk si eiga grunnlov i ı8ı4, vart det bestemt at Nidarosdomen skulle bli eit nasjonalsymbol, og mange jobba aktivt for ei restaurering.
Problemstein og sement Restaureringa av Kongeinngangen tok til midt i ı870-åra. Rune Langås, som er fagleiar for verkstaden, fortel at det den gongen vart brukt mykje ny kleberstein frå Grytdal, eit steinbrott like s�
Gå til mediet- Dette er første gongen sidan gjenreisinga vart fullført, at vi demonterer og byggjer opp att ein så stor del av Nidarosdomen. Innanfor kulturvernet er det litt kontroversielt å gjere noko slikt, seier Kristin Bjørlykke. Ho er fagleiar for forsking og utgreiing i restaureringsavdelinga ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR), som er eit nasjonalt kompetansesenter for bevaring og restaurering av verneverdige bygningar i stein.