Første steg
12.04.2018
For å få fleire menn inn i barnehagen er det nødvendig å kutte ut praksisar og framstillingar om at omsorg og «mjuke verdiar» er noko ein berre finn hjå det kvinnelege kjønn.
Eg har alltid vore oppteken av at barn på lik linje med kvinner skal ha rett til å møte mannleg tilsette i barnehagen. Etter mange år som barnehagestyrar kan eg seie at eg opplevde det å ha menn representert i personalgruppa som eit lyft både for barn og arbeidsklima. Var det opp til meg ville eg truleg fått det manifestert og nedteikna i FN Barnekonvensjon, omtrent slik: «Alle barn i barnehage har rett til å møte både barnehagelærarar av begge kjønn.» Eg trur nemleg det er viktig at barn får møte begge kjønn i ein institusjonalisert kvardag som ein del av eiga identitetsskaping. Til meir eg tenke på det til meir fortona dette med «mjuke verdiar» og menn seg som ein dikotomi.
Les merOmsorg som dominant diskurs
Nina Rossholt (2015) viser oss gjennom artikkelen "Å tenke med Deleuze og Guattari; Hva kan en posthuman kropp bli og gjøre i barnehagen?" korleis vi i rein modernistisk tradisjon knyter kropp eksempelvis til kjønn, etnisitet og alder og korleis vi avgrensar og definerer mennesket i den kroppen, slik at det passar inn i det mønsteret eller den båsen vi ynskjer å ha det/dei.
Barneha


































































































