BUSKAP
11.12.2017
Optimalisering av fôrrasjonen til mjølkekyr og ungdyr er viktigare enn nokon gong.
Tøffare krav til effektivitet for å halde kostnadene nede, sunne og friske kyr og stort fokus på klimabelastning gir større behov for å kunne kontrollere fôringa. Grovfôret utgjer om lag 60 prosent av fôrrasjonen til ei mjølkeku, og godt grovfôr er grunnlaget for økonomien i mjølkeproduksjonen. For å utnytte potensialet som ligg i grovfôret er det viktig å kjenne kvaliteten på grovfôret ein har til rådigheit. Det vil enten kunne spare kraftfôrkostnader eller sørge for tilstrekkeleg kraftfôr med riktig kvalitet når grovfôret krev det.
Muligheiter med X-NIR
Næringsverdien i fôret varierar svært mykje, og det er umulig å sjå med det blotte auget kor mykje næring det faktisk er i eit fôrparti. Fôranalyser er difor viktig. I dag må fôrprøvene sendast inn til laboratoria, tørkast og malast før dei blir analyser, og det kan fort ta litt tid før svaret er klart. Analyseinstrument som kan brukast ute på garden utan forbehandling og gir umiddelbart svar, noe som vil kunne gi heilt anna muligheit for kontroll av grovfôret enn det som er mulig i dag. Det vil gi betre oppfølgjing av fôrrasjonane og meir effektiv fôring, og det vil igjen verke positivt både på økonomien og på miljøet. Eit instrument som er basert på ny teknologi der analysene kan gjerast ute på garden er X-NIR. Instrumentet er ein slags «pistol» som er lett å bære med seg og handtere, og den vil kunne bidra med hyppig og effektiv kontroll av fôret. Den er basert på nærinfrarød (NIR) spektroskopi i ferskt grovfôr og må kalibrerast mot kjente referanseverdiar. I dag gir X-NIR svar på tørrstoff, aske, råprotein og fiber (målt som NDF og ADF), og det er muleg å vidareutvikla instrumentet til å kunne måle andre verdiar også. Det er Dinamica Generale i Italia som har utvikla instrumentet, og det er Orkel som er leverandør i Norge. Tine har inngått avtalar med begge om å få tilp
Gå til medietMuligheiter med X-NIR