Bok og bibliotek
07.09.2017
Martinus Nissen vart fødd 23. august 1817 og døydde brått 12. juni 1850.
Frå 1841 og fram til sin altfor tidlege død var han tilsett ved Universitetsbiblioteket (UB), først som amanuensis og i 1846 utnemnd til førsteamanuensis. Like frå danninga av den norske nasjonalstaten i 1814 var biblioteket ved det einaste universitetet i landet også nasjonalbibliotek. Men ein tydeleg rolle som norsk nasjonalbibliotek vart først formalisert og tydeleggjort då Axel Drolsum vart overbibliotekar i 1876. Medan Nissen arbeidde i UB var institusjonen lite opptatt av det norske tilfanget, og ei relativt ueffektiv pliktavlevering frå norske trykkeri til UB hadde vorte avskaffa i 1839. Mot dette bakteppet er det bibliotekshistorisk interessant at ved sida det daglege arbeidet i biblioteket gjorde Nissen ein bibliografisk pionerinnsats for «[... ] at samle Alt hvad den norske Presse [dvs. norske trykkeri] har frembragt af Godt og Slet, af Viktigt og Uviktigt. »
I 1848 gav han i samarbeid med forlagsbokhandelen Feilberg & Landmar
Gå til medietI 1848 gav han i samarbeid med forlagsbokhandelen Feilberg & Landmar


































































































