AddToAny

Vil lage insentiv til open publisering

Vil lage insentiv til open publisering
Noreg skal vere eit føregangsland for open tilgang til forsking, har regjeringa bestemt. Snart kjem forslag til nasjonale retningsliner for institusjonane.
Kjerstin Gjengedal - Ved open publisering er det viktig å halde på systemet med fagfellevurdering, seier Torkel Brekke. Foto: Kjerstin Gjengedal Fakta

Open tilgang

Framlegg til nasjonale retningsliner for open publisering av forskingsartiklar skal leverast i midten av juni.

Publisering med open tilgang kan skje i institusjonsarkiv (den grøne vegen), i tidsskrift med open tilgang (gullvegen) eller gjennom frikjøp av artiklar frå abonnementstidsskrift (hybridpublisering).

Både institusjonane og Forskingsrådet kan gje støtte til open publisering.

Internasjonal utvikling går i retning av å gjere avtalar med tidsskriftforlag om å betale for open tilgang i staden for abonnement. Det må ikkje ende med store ord som ikkje blir gjennomførte. Så vi har fått signal om å vere dristige og tenkje nytt, seier professor i religionshistorie ved Universitetet i Oslo, Torkel Brekke. Brekke leiar arbeidsgruppa som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forskingsartiklar i midten av juni. Ser ikkje relevansen At resultata av offentleg finansiert forsking bør vere fritt tilgjengelege, er noko alle er samde om. Brekke viser til det urettferdige i at til dømes offentleg tilsette og bedrifter ikkje har tilgang til forsking som kunne ha hjelpt dei å gjere jobben sin betre. Det er blitt vanleg at aktørar som finansierer forsking, krev at forskarar som får støtte, må publisere forskinga si med open tilgang. Likevel går ikkje utviklinga så fort som mange håpa på. Eg trur hovudgrunnen er at forskarane ikkje ser spørsmålet om open tilgang som relevant i kvardagen. Dei blir heile tida målte og vegne og opplever det som viktig å publisere i dei rette tidsskrifta. Det finst sterke konserverande krefter i forskingsfinansieringssystemet og i karrieretenkinga hos forskarar. Vil ein endre på det, må ein gjere grunnleggande endringar i denne prestisjeøkonomien, seier Brekke. Han legg til: Men eg trur vi har ei regjering som vågar å gjere slike endringar. Fagfelt manglar tidsskrift Dei siste åra er det utvikla infrastruktur som gjer at forskarar i norsk UH-sektor no, reint teknisk, lett kan publisere forskinga si med open tilgang. Det fortel rådgjevar for open tilgang, Jan Erik Frantsvåg ved universitetsbiblioteket ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet. Eit femtitals institusjonar har no sine eigne vitenarkiv. Fleire institusjonar tilbyr teknisk infrastruktur for å etablere og drive forskardrivne, fagfellevurderte tidsskrift med open tilgang. Og dei fleste institusjonane har fått publiseringsfond som gjev støtte til forskarar som vel å publisere i opne tidsskrift som krev forfattarbetaling, seier Frantsvåg. Ved hans eige universitet blir om lag 20 prosent av forskingsartiklane publiserte i opne tidsskrift, og tyngdepunktet ligg innanfor helsefag og biomedisin som har veletablerte opne tidsskrift. På mange fagfelt finst det ikkje opne tidsskrift som kvalifiserer til nivå 2 i teljekantsystemet, og det er eit effektivt hinder for open publisering. Forfattarbetaling er eit anna ømt punkt i debatten om publisering med open tilgang. Om lag 70 prosent av tidsskrifta med open tilgang tek ikkje betalt frå forfattarane. Men svært mange av dei er små og finst innanfor humaniora og samfunnsvitskap. Dei store og kommersielle tidsskrifta innanfor naturvitskap og medisin, som publiserer flest artiklar, tek som oftast betalt, seier Frantsvåg. Vil vri pengestraumen Internasjonalt diskuterer ein no om det lèt seg gjere å flytte pengane som i dag går til å betale for abonnement, over til å betale for open publisering i dei same tidsskrifta i staden. Dersom innsatsen berre blir koordinert godt nok, finst det nok pengar i tidsskriftbudsjetta til universitetsbiblioteka til å finansiere ein slik modell. Det viser eit notat laga av Max Planck-instituttet i fjor. Enn så lenge er det likevel opp til den einskilde forskaren om artikkelen blir publisert med open tilgang eller ikkje. Dei nasjonale retningslinene må difor gje forskarane insentiv til slik publisering, peikar Torkel Brekke på. Retningslinene må ikkje bli oppfatta som endå eit pålegg til forskarane om å administrere seg sjølve. Samstundes spelar det ei stor rolle at forskarane er merksame på temaet. Forskingsfridom vil ikkje berre seie at forskaren skal ha fridom til å publisere der ho vil. Det inneber også at samfunnet må ha fridom til å bruke forskinga. Forskerforum.no skreiv for litt sidan om piratnettstaden Sci-Hub, som nyttar digitale tilgangsnøklar frå institusjonane til å hente ut forskingsartiklar som ligg bak betalingsmurar, slik at kven som helst kan laste dei ned. Piratverksemd er ikkje ei god nok løysing, meiner Brekke. Eg forstår godt at folk tyr til slik sivil ulydnad for å skaffe tilgang til forsking, men vi må tilbake til den grunnleggjande logikken: Problemet er at dagens publiseringssystem ikkje er rettferdig, seier han.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt