Forskerforum
02.09.2026
Eg spring etter sauen og lammet, men dei spring fortare. No må de stille dykk her, slik at de vert skarpe mot himmelen og den hemningslaust fotogene klippa i bakgrunnen. Kan de ikkje stå i ro?
Det er sommar og fyrste gong Færøyane er vertskap for nordisk møte, ein årleg treffstad for Forskerforbundet og systerorganisasjonane i nabolanda.
Det er ein tiltalande institusjon, der nærskylde land kan oppdatere kvarandre, få inspirasjon, eller åtvaringar om trugsmål frå politikarar eller straumdrag i samfunnet.
Eit døme frå tidleg 2000-tal viser kva det nordiske samarbeidet har hatt å seie politisk. Styringsstrukturen vart endra ved universiteta i Danmark: Styra skulle ha eksterne styrefleirtal. Dette hende så fort at den førande fagforeininga i sektorenDansk Magisterforening knapt rakk å mobilisere. Men dei varsla nordiske naboar. Då forskingsminister Kristin Clemet kom med eit liknande framlegg i Noreg, ytte Forskerforbundet og andre fagforeiningar massiv og effektiv motstand mot den bedriftsliknande modellen «særlovsselskap». Framlegget vart stoppa.
Med desse nasjonane samla
Gå til medietDet er ein tiltalande institusjon, der nærskylde land kan oppdatere kvarandre, få inspirasjon, eller åtvaringar om trugsmål frå politikarar eller straumdrag i samfunnet.