Fagbladet
28.09.2023
Det er ei side ved utdanningssystemet i Noreg eg aldri heilt har forstått: Trua på at ungdommar som har hatt tre år med allmennfag er betre rusta til å bli ein sjukepleiar enn dei som har hatt fire år med helsefag.
privat
Les merYrkesseksjonsleder helse og sosial Fagforbundet Vestland
At folk med praktisk erfaring i å jobbe med sjuke menneske og solid pleiefagleg kunnskap ikkje er eigna med mindre dei lærer seg meir litteraturhistorie og matematikk.
Ikkje ein gong tilleggspoeng får helsefagarbeidarar for fagbrevet sitt! Slik det er no får ein tilleggspoeng til opptak ved sjukepleia for folkehøgskule. Det er i og for seg greitt, folkehøgskule er bra for mange. Likevel er det eit noko urovekkande i at staten seier til helsefagarbeidarar at ein er