Bondebladet
18.07.2019
No kjenner eg at grensa er nådd. Det går ikkje ein dag utan at vi må lese om kor forferdeleg norske husdyr har det. Kvar dag vert bønder framstilt som udyr som ikkje eig eit empatisk bein i kroppen.
Inntrykket folk sit att med er at ALLE bønder slår, mishandlar og lar dyra sine lide.
Gå til medietDen norske bonden er egoistisk, pengegrisk, kravstor, rett og slett eit menneske som folk flest ikkje vil ha noko med å gjere. Hadde eg ikkje sjølv vore bonde og kjent mange andre bønder personleg, hadde eg kanskje trudd på media si vinkling eg og.
Dessverre har vi bønder som ikkje burde vere bønder, på lik linje med at vi har lærarar som ikkje burde vere lærarar. Men om det finst nokre som gjer ein dårleg jobb, er det ikkje dermed sagt at alle bønder eller lærarar er elendige.
Det er så unyansert, så negativt og det blir gitt så ubegripeleg stor spalteplass til dyrevernarar, veganarar, betrevitarar og folk som aldri har vore bonde sjølve, eller folk som