- Jeg tror at når kvinner får familier blir det vanskelig å være så dedikert som bransjen krever. En annen side er at orkestermusikere reagerer bedre på å ha en mann foran seg. De har ofte mindre seksuell energi og kan fokusere mer på musikken. En søt jente på podiet gjør at tankene går mot noe annet.
Er det verkeleg naudsynt å dra fram ein ti år gamal sak? Kanskje ikkje. Petrenko hevda seg misforstått, unskyldte i etterkant, og kom ikkje med liknande utsagn igjen.
Likevel synes eg det er eit spanande døme på korleis ting funkar i bransjen. Kva om ein påtroppande overlege på Oslo Universitetssjukehus hadde uttalt at kvinner ikkje egna seg som legar? Eg kan ikkje sjå for meg at vedkommande hadde fått behalde jobben, sjølv om ein kunne unnskylde det med kulturskilnader. Så kvifor var det greitt i musikkverda?
I 2013 gjekk eg på vidaregåande. Eg høyrde om saken, men det profesjonelle musikklivet var fjernt for meg. Det var fyrst då eg byrja på Norges Musikkhøgskole i 2015, at eg reflekterte over det. Som fyrsteårsstudent satt eg i orkesteret når Petrenko underviste dirigentstudentane. Eg hadde lest sitatet i avisa og hadde høyrd at han var ein god dirigent. Eg kjente han ikkje og ingen hadde sagt til meg at han var misf