NJF-magasinet
22.02.2017
Linn Herning er den engasjerte nerden som ikkje greier å la vere. Det har ført til at ho har blitt skoten etter med gummikuler, avdekka velferdsprofitørar og no er leiar av For Velferdsstaten.
Ho står 155 cm over bakken og har ikkje noko problem med å fylle eit stort rom med hennar energi og engasjement når ho held foredrag. Historikar Linn Herning har gjort seg bemerka med blant anna boka Velferdsprofitørene der ho eksponerte korleis store oppkjøpsfond slusar pengar ut av Velferds-Norge. Ho kan jobbe samanhengande frå morgon til sein kveld i dagesvis utan stopp, når ho blir engasjert:
- Det berre er slik, eg greier ikkje å la vere og er nok ubehjelpeleg engasjert og det skjer ganske lett. Urett engasjerer meg og det er nok å ta tak i, føler eg, fortel historikaren.
Når ho skal slappe av tek ho på seg kapteinlua og fresar over Oslofjorden med 90 hestekrefter i sin 20 fot lange veteran-cabincruiser. Ho finn ro når motoren er slått av og båten ligg stille midtfjords.
Redda av offentleg helse. Herning har dokumentert korleis offentlege pengar som skal gå til barnevern, eldreomsorg og barnehagar finn vegen til skatteparadis og konsern-eigarane sine lommer. Ho har reist landet rundt og holdt foredrag og debattar der ho og For Velferdsstaten advarar mot konsekvensane av å sleppe private krefter til i offentleg omsorg. Boka tek også for seg forskjellane innan privat drift, mellom ideelle og kommersielle aktørar. Den brennande drivkrafta for offentleg velferd kjem blant anna av personlege erfaringar. Ho fortel at hadde det ikkje vore for det norske offentlege helsevesenet ville ho sjølv kanskje ikkje vore i live, og ho ville truleg heller ikkj
Les opprinnelig artikkel- Det berre er slik, eg greier ikkje å la vere og er nok ubehjelpeleg engasjert og det skjer ganske lett. Urett engasjerer meg og det er nok å ta tak i, føler eg, fortel historikaren.