AddToAny

Varsla om omfattande fusk

Varsla om omfattande fusk
Kristin S. Grønli Trond Stokke valde å varsle sine overordna. No er manipulasjon og forfalsking eller fabrikkering avdekt i ein stor bunke forskarartiklar frå Oslo universitetssykehus og Universitetet i Oslo.
Vi skal omtrent tre år tilbake i tid. Seniorforskar Trond Stokke skriv sitt eige namn inn i søkefeltet på PubPeer, ein nettstad der forskarar anonymt kan flagge problematiske sider ved arbeidet til andre forskarar. Stokke har gjort same søk tidlegare, for å sjekke om nokon har kommentert arbeidet hans, men dette er første gong han får treff.

Ein anonym brukar peikar på to problematiske figurar i ein artikkel frå 2011 som Stokke er medforfattar på. Det gjeld mogeleg duplisering av bilete, altså at same bilete er brukt til å dokumentere forskjellige ting.

Historisk omfattande

- Eg såg nøye på artikkelen eg var med på, og byrja å lure, fortel Stokke, som er tilsett ved Institutt for kreftforskning ved Oslo universitetssykehus (OUS).

Det er ikkje noko i vegen med den delen av artikkelen som dokumenterte eksperiment frå Stokke sitt laboratorium, men det er problem med andre delar av han - problem som seniorforskaren ikkje hadde lagt merke til tidlegare.

Det neste Stokke gjer frå sitt kontor, skal munne ut i ei av dei største granskingane av vitskapleg ureielegheit i historia til både OUS og Universitetet i Oslo (UiO).

I søkefeltet på PubPeer skriv han inn namna på alle dei norske og kinesiske forfattarane frå den problematiske artikkelen. Ved søk på det siste namnet på forfattarlista dukkar det opp heile 6-7 flagga artiklar. Sisteforfattaren har alltid eit særskilt ansvar for innhaldet i ein vitskapleg artikkel.

Identiske bilete og figurar

Vedkomande sisteforfattar er på dette tidspunktet tilsett ved Klinikk for laboratoriemedisin (KLM) ved OUS og leiar for ei forskargruppe der. I tillegg har han ei bistilling ved Medisinsk fakultet ved UiO.

Mange av problema som blir framheva på PubPeer, liknar kvarandre. Identiske bilete og figurar, nokre tilsynelatande manipulerte, er brukte for å dokumentere ulike eksperiment. Bileta er genererte via ulike vitskaplege metodar.

Såkalla western blots dokumenterer undersøkingar av DNA, RNA og proteinar. Mikroskopibilete dokumenterer celler og vev. Ulike figurar dokumenterer data frå flowcytometri, ein metode som skil celler frå kvarandre etter storleik og eigenskapar. Stokke skjønar fort at dette er meir enn ei lita sak.

- Eg vart irritert og sint over å ha blitt blanda inn i noko slikt, fortel han.

Seniorforskaren vel å varsle sine overordna. I tida som kjem, blir fleire problematiske artiklar med same sisteforfattar flagga på nettstaden.

Ti vitskapeleg ureielege artiklar

- Ein må vere forsiktig med å ta alt på PubPeer for god fisk, men her viste den første interne granskinga ved KLM at mykje av kritikken stemte, fortel Ole Mathias Sejersted.

Han er leiar for reielegheitsutvalet som OUS deler med Medisinsk fakultet ved UiO og Akershus universitetssykehus - heretter kalla Felles redelighetsutvalg.

I februar 2018 sende KLM saka over dit på grunn av omfanget og alvorsgraden. Utvalet granska til saman 16 artiklar frå forskargruppa på bakgrunn av kritikken frå PubPeer - eit stort og tidkrevjande arbeid.

Utvalet slo fast at problema som blei avdekte, er så mange og alvorlege at store delar av forskingsfunna ikkje er til å stole på. Konklusjonen blei vitskapeleg ureielegheit for 10 av artiklane. Berre éin av artiklane er vurdert som uproblematisk. Mange av artiklane inneheld fleire problem (sjå faktaboks).

Utvalet har anbefalt trekking eller korrige

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt