Veksttorget 2020 er eit samarbeid mellom Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Bondebladet. Kvar veke rapporterer NLR-rådgivere om ver og vekst landet rundt i Bondebladet og på nlr.no.
Møre og Romsdal: Utfordringar i innhaustingaVi er inne i ein våt periode. Alle planer om tredjeslått, tresking og gulrothausting er sett på vent inntil det tørkar opp. Forrige finversperiode hjelpte godt på for ujamne kornåkrar. Nokre åkrar vart treska, men framleis ventar dei fleste på at etterrenningane skal bli modne. Blir det bra vêr framover, håpar vi at det meste av kornet blir treska før det blir oktober. Også i kornforsøka våre blir det uvanleg sein tresking.
Ein del sau kjem no ned frå fjellet, men mykje snø og forholdsvis kald ettersommar gjer at fjellbeita held seg godt. For oss rådgivarane er det fokus på jord for tida. Vi er med på fleire jordprosjekt, og i september har vi ein serie markdagar om jord i Møre og Romsdal. Vi håpar at både vi og medlemmene våre kjem til å lære mykje om jord denne hausten.
Frode Grønmyr, Landbruk Nordvest
Trøndelag: Mange venter på væretDen siste uka har mange av åkrene som har bølga i grønt og gult skifta til gult, for temperaturen har vært god. Fortsatt er det knapt 15 prosent av kornet på Innherred som er treska, så det er mye arbeid som gjenstår. Det meldt en god del regn i dagene som kommer, men b�