Bok og bibliotek
08.02.2018
Det kunne skjedd det må ha skjedd det skjer jo nu et anna sted. Det kan jo skje en anna gang litt lenger fra litt nærmere. (Kari Bremnes 2017)
Slik går dei første linjene i songen «Det kunne skjedd», opningssporet på plata Det vi har av Kari Bremnes. Eg kjem til å tenkja på dei etter å ha lese dystopien The handmaid's tale av Margaret Atwood. Det er suggererande lesnad og har blitt boka alle les no meir enn 30 år etter at den kom ut, mykje grunna tv-serien med Elisabeth Moss i hovudrolla. Merete Alfsen har levert ei fin omsetjing med tittel Tjenerinnens beretning.
Historia er fortalt frå Offreds synsvinkel. Ho er ein «survivor» eller rettare sagt, det er hennar mål å vere det. «Å tenke kan spolere sjanser, og jeg akter å klare meg» (Atwood: 1987:14). Offred vil leve fordi ho har ei dotter som ho veit lever, men som vart teken frå henne då dei prøvde å rømma landet. Offred hadde eit anna namn før, som ikkje lenger er lov å bruka. No er ho Offred - Freds eigedom. Ho er også ein lovforbrytar, ho har forbrote seg mot ein av mange nye lovar. Ho har vore gift med ein fråskilt mann. Barna er det nye gullet, det mest verdifulle av alt.
Forureining og klimaproblem har gjort at fødselsratane har stupt. Det blir omtrent ikkje født barn lenger og dei som blir født er ofte ikk
Gå til medietHistoria er fortalt frå Offreds synsvinkel. Ho er ein «survivor» eller rettare sagt, det er hennar mål å vere det. «Å tenke kan spolere sjanser, og jeg akter å klare meg» (Atwood: 1987:14). Offred vil leve fordi ho har ei dotter som ho veit lever, men som vart teken frå henne då dei prøvde å rømma landet. Offred hadde eit anna namn før, som ikkje lenger er lov å bruka. No er ho Offred - Freds eigedom. Ho er også ein lovforbrytar, ho har forbrote seg mot ein av mange nye lovar. Ho har vore gift med ein fråskilt mann. Barna er det nye gullet, det mest verdifulle av alt.
Forureining og klimaproblem har gjort at fødselsratane har stupt. Det blir omtrent ikkje født barn lenger og dei som blir født er ofte ikk


































































































