AddToAny

- UNIVERSITETA BLIR BEDRIFTER

- UNIVERSITETA BLIR BEDRIFTER
Eksterne styremedlemmer forstår ikkje verdigrunnlaget ved eit universitet, meiner professorar.
- Gjennom eksterne styreleiarar kan departementet innfri ønsket om sterkare statleg styring av universiteta. Det som skjedde ved NMBU i vår, er ei godt døme på dette, meiner professor Arild Angelsen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Statssekretær Bjørn Haugstad er ueinig: - Vi har andre måtar å styre på enn å instruere styremedlemmene. Vi opplever heller at eksterne styremedlemmer er frustrerte over at ein i KD er for tilbakehaldne med å signalisere kva eigaren meiner i viktige saker, seier han.



- LITEN VILJE TIL Å LYTTE

Hovudmodellen for styring av universitet og høgskular er i dag tilsett rektor og ekstern styreleiar, men dei fleste universiteta har framleis vald rektor, som også er styreleiar. Ein god del institusjonar har likevel gått over til tilsett rektor, og Kunnskapsdepartementet (KD) peikar då ut ein ekstern styreleiar (sjå faktaboks). Som Forskerforum skreiv i førre nummer, har det vore sterke protestar blant NMBU-tilsette mot å innføre tilsett rektor og ekstern styreleiar og også mot ei omfattande omorganisering.

- Ekstern styreleiar og eksterne styremedlemmer har liten vilje til å lytte til faglege argument frå professorar og andre fagtilsette. Styreleiaren og dei eksterne styremedlemmene har avslørt at dei hadde liten kunnskap om det indre livet ved universitetet, seier Angelsen, forskingsleiar ved Handelshøgskolen NMBU.

Han hevdar at det nesten er umogleg å kome i dialog med styreleiaren.

- I omstillingssaka vart vi berre møtt med at «dette har styret bestemt». Det interessante er at styreleiar Siri Hatlen etter at ho gjekk av som direktør ved Oslo universitetssjukehus, uttalte at «vi gløymde fagpersonane». Og så gjer ho det same no.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt