Advokatbladet
09.04.2021
- Fleire stemmer må slippes til i debatten, også om dei ikkje gjev like gode «click-bait»-overskrifter, skriver Mino.Jur-ledelsen i dette innlegget.
I kjølevatnet av vår panelsamtale om mangfald under Mino.Jur-dagene og Advokatbladet og jusstudentane sin omtale av den, ønskjer vi å understreke kva vi i Mino.Jur meiner i mangfaldsdebatten. Vi opplever at sjølve omgrepet lid av ein definisjonsmangel som fører til at vi aldri kjem oss vidare i saka. Omgrepet mangfald fungerer diverre for ofte som ein tøyeleg strikk som vert tilpassa narrativet i kvar enkel debatt.
Les merI dei beste tilfella gjev dette utslag ved at mangfaldsomgrepet vert brukt for å snakke om inkludering på tvers av legning, funksjonsnedsetjing, etnisitet og hudfarge. I dei verre tilfella seier ein seg nøgd om det i det minste omfattar kvinner eller at ein tar til orde for å bytte ut øla med ein Coca Cola på eit sosialt arrangement. Denne avgrensinga som omgrepet lid av kan difor slå veldig feil ut i advokatbransjens lengsel etter mangfald.
Vi synast det er uheldig at det tidvis vert framstille (kanskje ikkje intensjonelt) som at minoritetstudentar er ein homogen gruppe som alle ønskjer seg ein alkoholfri advok