BUSKAP
02.07.2018
Det er lyst og triveleg i fjøsen til Jens Reidar Ljøsne. Fjøsen var innflyttingsklar i september 2015, og her ser det ut til at både folk og dyr trivst. Når trivselen er god, er det også lettare å oppnå gode resultat, og Jens Reidar var i 2017 på lista over dei høgstytande besetningane i landet.
Jens Reidar Ljøsne valde å byggja i massivtre, og dette valet har han ikkje angra på i ettertid. - Det var kvalitetane til tre og prisen som avgjorde valet, seier han fornøgd. - Tre gir eit tørt og godt innemiljø med god lyddemping, fortel han vidare.
Fjøsen er bygt med naturleg ventilasjon. Her er gardiner i begge langsidene som slepp inn mykje lys og luft, og det er seks piper på taket som syg ut luft. - Denne ventilasjonen fungerer veldig godt hjå oss, seier Jens Reidar. Fjøsen er frostfri sjølv når utetemperaturen sig ned mot -15 grader, men då må det vera mange kyr i fjøsen for å produsera nok varme. Vidare er taket isolert med sandwichplater oppå massivtreet for å minska varmetapet om vinteren.
Romsleg fjøs
Storleiken på bygget er på 18 x 43 meter, og husar vaksne kyr. Kalvane er plassert ute i hytter medan kviger og oksar får plass i gamlefjøsen. Nybygget er ein tre-rekkers fjøs med 46 liggjebåsar og 35 eteplassar. Frontane er skråstil
Gå til medietFjøsen er bygt med naturleg ventilasjon. Her er gardiner i begge langsidene som slepp inn mykje lys og luft, og det er seks piper på taket som syg ut luft. - Denne ventilasjonen fungerer veldig godt hjå oss, seier Jens Reidar. Fjøsen er frostfri sjølv når utetemperaturen sig ned mot -15 grader, men då må det vera mange kyr i fjøsen for å produsera nok varme. Vidare er taket isolert med sandwichplater oppå massivtreet for å minska varmetapet om vinteren.
Romsleg fjøs
Storleiken på bygget er på 18 x 43 meter, og husar vaksne kyr. Kalvane er plassert ute i hytter medan kviger og oksar får plass i gamlefjøsen. Nybygget er ein tre-rekkers fjøs med 46 liggjebåsar og 35 eteplassar. Frontane er skråstil