AddToAny

Treng omkamp om arbeidslivsrelevans

Treng omkamp om arbeidslivsrelevans
I det moderne, kriseramma samfunnet må full-skala, høgkvalifiserte universitet få gode og frie rammevilkår, meiner Gunnar Skirbekk.
Fleirtalet på Stortinget, ved opposisjonspartia Frp, Ap og Sp, lanserte i vår eit forslag om «kompetansereform» i form av eit nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskular. Sitat: «Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være: Relevans for arbeid etter endt studium, ulike opplegg for videreutdanning, og opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør og som kan tas i kombinasjon med jobb.» Framlegget vart vedtatt den 15. juni.

Krava frå ei verd i krise
Tankegangen er i utgangspunktet grei nok: Ein går ut frå at vi i stigande grad vil få eit arbeidsliv prega av ny teknologi og rask teknologisk utvikling, innanfor ramma av ein globalisert kapitalisme - eit omskifteleg og konkurranseutsett arbeidsliv som krev fleksibilitet og kompetanseheving i form av omstilling og livslang læring. Stilt overfor desse utfordringane er det eit politisk ansvar å ta grep som gjer det lettare for folk å komme i arbeid og å stå i arbeid. Eitt grep kan då vere å legge til rette for utdanningsløp som er tilpassa krava i det nye arbeidslivet - derfor, eit forslag om «kompetansereform» i form av eit nytt finansieringssystem for høgare utdanning.
Men er det berre endringar i arbeidslivet som krev kompetanseheving og oppdatering? Kva med andre endringar og utfordringar i moderne kriseramma samfunn? Slik som klimaendringar og andre naturrelaterte utfordringar - saman med aukande sosio-økonomiske skilnader, i statar og mellom statar, svekking av demokratiske og rettsstatlege institusjonar, spreiing av «fake news» og forvitring av den opplyste offentlege sfæren, og geopolitiske spenningar med fare for militære konfrontasjonar. Kort sagt: Er det berre i arbeidslivet at det er behov for kompetanseheving og oppdatering?
Svaret gir seg sjølv. Også som samfunnsborgarar i ei verd i krise, og som statsborgarar i kriseramma moderne og vitskapsbaserte demokrati, er
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt