Tidsskrift for norsk psykologforening
16.10.2020
Det hender ofte at telefontolk er det einaste alternativet samtaleterapeutar har for å drive terapi på tvers av språkelege barrierar. Eit slikt samarbeid har praktiske, men ikkje minst relasjonelle implikasjonar.
Eg henta pasienten,1 ringde telefontolken, og sa han kunne introdusere si rolla som tolk. Vi starta samtalen, klienten frå eit sentralafrikansk land og eg. Eg irriterte meg fort over at tolken snakka lenge når eg snakka kort, og at han fleire gonger gjekk i dialog med klienten. Eg minna han venleg på å omsetje alt som vart sagt. Telefonforbindelsen var dårleg, og fleire gonger bad han meg om å gjenta ting eg hadde sagt. Sakte og nølande fortalde pasienten om sine vanskar og overgrepsopplevingar. Tolken heldt fram som før, og eg vart stadig strengare med han, og då eg høyrde han fylle vatn frå springen, vart eg veldig tydeleg med han at han måtte konsentrere seg. Idet eg tek blikket av telefonen som står på bordet mellom oss (som eg jo så klart hadde snakka direkte til), ser eg at pasienten ser redd ut, og ho sluttar å fortelje. Med eit bevisst mildt blikk og venleg stemme prøver eg å få henne i tale igjen, tolken omsett med ein noko oppskjørta stemme, og ho svarar berre med få ord. Samtalen var over, eg la på røyret, gav pasienten ein ny time, og var sint på den udugelege tolken.
Slike erfaringar gjer at mange samtaleterapeutar grøsser ved tanken om å jobbe psykote
1 Historia er sett saman av somme av mine opplevingar i arbeidet med tolk.
rapeutisk i samarbeid med telefontolk. Dersom det går, vil dei gjerne sleppe det. Samstundes finst det enkle grep du som terapeut kan ta for å unngå liknande fadesar som eg skildrar her.
Det er kanskje ikkje så unaturleg at samtaleterapeutar vil unngå å bruke telefontolk.
Oppmøtetolk vert anbefalt både i rettleiarar og i faglitteraturen, medan telefontolk blir sett på som ein siste utveg (Boyles & Talbot, 2017; Cambridge, Singh, & Johnson, 2020; Helsedirektoratet, 2010; Miletic et al., 2006; Searight & Searight, 2009). Samstundes skjer om lag halvparten av all tolking i offentleg sektor via telefon, og av økonomiske og praktiske omsyn er telefontolk ofte det einaste tilgjengelege alternativet for samtaleterapeutar i Noreg (IMDi, 2017; Langedal & Bjørknes, 2020).
Det finst lite forsking på terapi i samarbeid med tolk over telefon. I mine søk i PsycINFO, Pub-Med og Web of Science med søkeorda «remote interpretation / telephone interpretation AND psychotherapy» finn eg ingen publiserte artiklar om psykoterapi med telefontolk per april 2020. Boyles og Talbot (2017) meiner at å samarbeide med telefontolk har fleire likskapstrekk med det å jobbe med oppmøtetolk. Jensen, Hansen og Carlsson (2017, s. 5) undersøkte psykoterapi i samabeid med tolk og skriv at sjølve behandlingsutfallet ikkje vert påverka av å samarbeide med oppmøtetolk. Det er den terapeutiske alliansen som vert annleis. Og som vi veit, har alliansen stor betydning for behandlingsutfallet (Flückiger, Del Re, Wampold, & Horvath, 2018).
DEN TRIADISKE ALLIANSEN
Samspelet mellom tolken og meg, som beskrive i innleiinga, peika på mi implisitte forståing av tolken som ein omsetjingsboks, heller enn som ein kollega. Etter kvart har eg samarbeida med tolkar både i inn- og utland, i møte med einslege mindreårige asylsøkjarar og papirlause migrantar og menneske i humanitære katastrofar. Erfaringa mi er den same som det som vert beskrive i litteraturen: Terapeuten og tolken utgjer eit tverrfagleg team (Boyles & Talbot, 2017). I dette perspektivet vert det klart at den terapeutiske alliansen ikkje lenger er dyadisk, men triadisk.
Nye relasjonar oppstår i terapirommet når det er tre eller fleire til stades. Av og til oppstår det ein sterkare allianse mellom pasienten og tolken enn mellom terapeuten og tolken, då pasienten og tolken kan ha felles historie, opplevingar, kultur og språk. Av erfaring kan det då hende at tolken gjerne vil hjelpe pasienten etter samtalen. Eg har òg erfart eit sterkare band med tolken enn med pasienten, der både tolken og eg implisitt kan ha liknande opplevingar av pasienten, utan at pasienten veit om det. Dersom eg eller klienten opplever telefontolken som inkompetent, er det ein fare for at oppgitte blikk og gestar kan gje ein sterkare allianse mellom terapeuten og klienten. Dette siste er sjeldnare, då tolken ofte vert bytta ut. Dei relasjonelle dynamikkane mellom klient, telefontolk og ter
Gå til medietSlike erfaringar gjer at mange samtaleterapeutar grøsser ved tanken om å jobbe psykote