Den norske tannlegeforenings Tidende
16.06.2016
Av tannlege Kjetil Reisegg Eg sette meg i bilen tidleg ein fredags morgon, kryssa Sognefjorden med 6-ferja og køyrde nordover mot Loen. Dei siste åra har eg vore fast deltakar på Loenmøtet.
Der får eg fagleg og sosialt påfyll, og i år hadde eg tenkt å gje meg sjølv ei ekstra utfordring. Meir om det seinare.
Les merTo gutter frå Bærum såg irriterande uanstrengde ut på turen ned.
På veg langs Innvikfjorden svingte eg innom Ricco Vero sitt fabrikkutsal i Olden. Eg prøvde ein stilig dress til under halv pris, men køyrde vidare utan å shoppa. Då eg kom til Loen var professor Trond Inge Berge godt i gang med kurset. Eg kunne slå fast at eg var forseinka på grunn av ein dress. Eller av forfengelegheit, om du vil. Gjennom åra ha eg vore på mange bra kurs i Loen, og dette var ikkje noko unntak.
Likevel: Etter lunsj let eg kurs vera kurs og sikta mot dagens utfordring: Fjellet Skåla, 1 848 meter over havet. Klokka var 14, eg hadde såleis fire og ein halv time til det tradisjonelle grillpartyet i hagen på Hotell