Forskerforum
02.05.2016

Formidling av kreftforsking er ofte svært forenkla. For å ikkje lure håpefulle pasientar trengst det ein meir nyansert forskingsjournalistikk.
FORMIDLING: Forskingsformidling er ei viktig oppgåve. Debatten om journalistikk og formidling innanfor realfaga er ofte prega av korleis ein verdsett ein tekst som engasjerer. Nokre legg vekt på kjennskap til forsking som prosess, medan andre favoriserer teft for den gode historia.
Det er likevel ikkje slik at formidlinga alltid står og fell på skribentens evne til å knytte faktastoffet til handfaste metaforar og korte setningar. Oftast er sanninga både komplisert og vanskeleg.
Då kjem dilemmaet: Skal vi halde fast ved ei utilstrekkeleg forenkling, eller skal vi prøve å gjere nyansane tydelegare, også for folk flest?
Held ikkje vatn Eit aktuelt eksempel er det pågåande gjennombrotet innanfor immunterapi mot kreft. Det er gledeleg å høyre både forskarar og pasientar snakke om gjennombrot og nytt håp innanfor kreftbehandlinga. Vi er mange som verdset forskingsresultat som resulterer i at fleire kan leve lenge med og kanskje også verte friske av kreftsjukdommane sine.
Samtidig viser artiklar, innlegg og kommentarar om immunterapi at mange er usikre på kva behandlinga eigentleg er. Somme har både høge og urealistiske forventingar til gjennombrotet, basert på forenkla overskrifter og liten kunnskap. Dei forstår kortversjonen av immunterapi om lag slik: Immunforsvaret får hjelp til å drepe kreften. Punktum. Setninga har sju ord, og berre eitt av dei har meir enn to stavingar. Ikkje så verst som folkeleg formidling. Setninga er også stort sett korrekt. Men du kjem diverre ikkje særleg langt med den kortfatta informasjonen. Ved fyrste oppfølgingsspørsmål viser det seg at kortversjonen ikkje held vatn.
Gå til medietDet er likevel ikkje slik at formidlinga alltid står og fell på skribentens evne til å knytte faktastoffet til handfaste metaforar og korte setningar. Oftast er sanninga både komplisert og vanskeleg.